Bestill nå

Badehuset Spa

Det aller beste for kropp og sjel

Badehuset Spa består av et gammelt stabbur fra 1700 tallet og et moderne nybygg med flott design. Her får kroppen et løft i hverdagen gjennom inspirasjon, ro og positive opplevelser. Badehuset Spa er en stille sone for gjester som ønsker avkobling i hverdagen.
 

Hud- og kroppspleie
Rita og Wenche er vertinner i Badehuset Spa. De har komponert en variert og innholdsrik meny for gjester som ønsker behandlinger og kroppspleie. I resepsjonen i Badehuset kan du også kjøpe flotte skjønnhetsprodukter fra Declor. Bestilling bør gjøres i god tid før ankomst på telefon 71 29 13 03 eller per epost på : spa@angvik-hotell.no


Bad- og velvære
Du kan koble av med en "heittur pottur" varmebad (36 grader) , tyrkisk dampbad (42 grader) og sauna (90 grader). Dersom dette blir for varmt, kan du avkjøle deg med en isdusj, eller kanskje et bad i Sunndalsfjorden. I andre etasje i staburret finnes et avkoblingsrom hvor du kan ta med din favorittbok og nyte en stille stund.


Badehuset er åpent klokken 10 til 19 fra mandag til lørdag, og er gratis for boende gjester.
Badehuset Spa er også tilgjenglig for gjester som kun er på dagsbesøk (kun på forhåndsbestilling og per avtale) kr 200,-


Vi håper at oppholdet på Angvik Gamle Handelssted sammen med et avkobling i Badehuset Spa og en bedre middag gjør besøket til en god totalopplevelse.


SPØR OSS OM FORSLAG OG INNSPEL TIL EGNE GRUPPER OG OPPLEGG!

TIMEBESTILLING

Vi rår til at du bestiller time i god tid på førehand. Time kan bestillast på telefon: 71 29 13 03 eller på mail: spa@angvik-hotell.no

HJERTELIG VELKOMMEN!



 

Behandlinger

Se hvilke behandlinger vi kan friste med...
 

ANSIKTSBEHANDLINGAR
Vi startar behandlingane med ein hudanalyse. Det gjer vi for at behandlinga og produkta vi bruker, skal vere tilpassa huda di og tilføre henne det ho treng. Deretter følgjer ein herleg «velkomstmassasje» av nakke og skuldrer.


For damene
Unn deg ei herleg, fuktgivande behandling som gir huda næring, glans og glød! Du får reins, peeling, damp, massasje av skuldrer/nakke og ansikt, maske, behandling med fuktgivande produkt og ein lett makeup. Etterpå gir vi deg gjerne råd om oppfølgjande behandling og produkt.
 

For herrane
Overrask deg sjølv med ei herleg oppleving! Ei oppfriskande og avstressande behandling for menn med reins, peeling, ansiktsmassasje og maske. Vi bruker effektive herreprodukt for barbering og pleie. Etterpå gir vi deg gjerne råd om oppfølgjande behandling og produkt.
 

ANSIKTSBEHANDLING MED MD FORMULATIONS
MD Formulations byr på produkt og behandlingar som er fine mot mellom anna rynker, arr, urein hud, strekkmerke og brune pigmentflekkar. Behandlinga omfattar djupreins, peeling, damp, maske og fuktprodukt
etter at huda er tilvand MD Formulations-produkt til heimebruk. Vi tilrår kurbehandling på minimum 6 gonger pensling à 20 min.
 

KROPPSBEHANDLINGAR
KROPPSINNPAKKINGAR
Aroma Relax er ein avslappande behandling som både pleier huda og løyser opp stive musklar. Omfattar kroppsskrubb, maske og massasje. Aroma Flow er ein sirkulasjonsaukande behandling, spesielt god
for stive musklar. Omfattar kroppsskrubb, maske og massasje. Aroma Detox er ein utreinsande behandling med kroppsmaske som har slankande effekt. Kan brukast både som vassdrivande enkeltbehandling og som del av ein cellulittkur. Omfattar kroppsskrubb og massasje. Aroma Tonic er ein oppstrammande behandling som gir auka elastisitet med aldringshindrande kroppsmaske. Omfattar kroppsskrubb og massasje. Valfri massasje av ansikt eller hovudbotn under innpakking.
 

MASSASJE MED KROPPSSKRUBB
LOKALBEHANDLING
Detox er en anticellulittbehandling – ei spesialmaske som blir lagd lokalt på område med cellulittar. Enkeltbehandling mot lokale feittopphopingar eller cellulittar, men blir tilrådd som ein del av ein cellulittkur.
 

Snart mamma?
Tonic er ei lokalbehandling spesielt for gravide. Behandlinga gjer huda meir elastisk, førebyggjer strekkmerke og motverkar dårleg sirkulasjon og opphoping av vatn. Vi tilrår behandling kvar fjortande dag frå fjerde til åttande månad av graviditeten.

MASSASJE
Velværemassasje med eteriske oljar spesielt tilpassa deg og dine behov!
 

HEIL KROPP
Velværemassasje frå topp til tå.
 

RYGG/NAKKE
Løyser opp stiv muskulatur og spenningar som kjem av stress og hovudverk.
 

FOTMASSASJE
Sliten i beina? Fotmassasjen lindrar hovne og verkjande legger og føter.
 

FULL PAKKE
Unn deg halvannan time i kunnige massørhender. Omfattar massasje av hovudbotn og føter.
 

SPAPAKKAR HOS BADEHUSET
GODE VENNER
Ei behageleg og avslappande velværestund for par eller venner. I det flotte dobbelkabinettet vårt kan de dele ei hyggeleg oppleving i rolege omgivnader. Behandlinga består av spamanikyr og spapedikyr (hand- og fotbad, filing og reingjering av neglene, peeling, maske og massasje). Til slutt ein herleg kroppsmassasje. Vi serverer drikke og frukt.
 

BADEHUSET SPESIAL
Senk deg ned i vårt unike karbad fylt med herlege og velduftande oljar, og opplev samtidig ein saliggjerande hovudbotnmassasje. Etter badeseansen: legg deg på benken og få ein avslappande kroppsmassasje. Etter behandlinga pakkar vi deg inn i ei mjuk badekåpe og byr på ein god kopp te oppe på hemsen.
 

BADEHUSETS LUKSUS
Få ein himmelsk dag i behandlingsromma våre! Luksusen startar med eit karbad og held fram med ein kroppsskrubb med massasje. Deretter serverer vi litt frukt og drikke og held fram med ei oppfriskande ansiktsbehandling (reins, peeling, korrigering av bryn, rygg- og nakkemassasje og maske). Mens du ligg med maske, får du ei fuktgivande parafinbehandling for hendene.
 

MANIKYR / PEDIKYR
SPAMANIKYR
Herleg hand- og neglepleie som er fuktgivande og forfriskande. Du får handbad, filing og reingjering av neglene, peeling, maske og massasje.
 

PARAFINBEHANDLING
Vitaliserande, fuktbevarande og djuptverkande behandling med parafinvoks. Parafinen mjukar opp neglebanda og huda så hendene får ein mjuk og frisk utsjånad.
 

SPAPEDIKYR
Fantastisk luksusbehandling for føtene! Fotbad, peeling, fjerning av hard hud, stell av negler og negleband, herleg massasje av føter og legger, pluss maske. Ikkje klinisk fotpleie.
 

HÅRFJERNING
Midlertidig hårfjerning gir glatt og mjuk hud i fleire veker.

  • Overleppe, hake, hals, bryn eller kinn
  • Legger, lår, mage eller brystkasse
  • Legger, lår og bikini
  • Bikini eller armholer
  • Rygg
  • Hårfjerning med straum
     

MAKEUP OG FARGING

  • Dagmakeup med rettleiing
  • Kvelds- og festmakeup
  • Bruremakeup med prøvetime
  • Farging av vipper og bryn, inkl. korrigering av bryn
  • Farging av vipper, korrigering
  • Farging av bryn
  • Forming av bryn
  • Forming og farging av bryn

SPAETIKETTE
Slik vil vi at gjestene våre skal oppleve Badehuset Spa:
Stille og ro er viktige føresetnader for eit vellykka spaopphald. Vi ønskjer at du skal få ei unik oppleving under behagelege og avslappande forhold. Mobiltelefonen bør du helst slå av og leggje att i garderoben eller på rommet. Vi anbefaler deg å ta ein dusj før opphaldet i spaavdelinga. Gjestene våre skal kunne nyte tida i spaet utan å bli forstyrra av fotografering eller filming. All røyking ved Angvik Gamle Handelsstad må sjølvsagt skje utandørs.
 

BEKLEDNING
I alle karbadbehandlingar rår vi gjestene til å ha på badetøy. Eingongsundertøy kan brukast i behandlingar som set farge, og blir utdelt før behandlinga. Under massasje og kroppsbehandling kan privat undertøy brukast.
 

PRODUKT
I behandlingane våre bruker vi kjende produktmerke som Decleor, Bare Minerals, MD Formulations og Creative Nail Designs. Desse produkta sel vi dessutan i resepsjonen ved spaet.

 

Priser

Her ser du hvor lite som skal til for å pleie kropp og sjel...

Alle prisene er pr person
 

ANSIKTSBEHANDLINGER
50 min kr 750,-
80 min kr 1050,- ( for damene: inkl spesialmaske og korrigering av bryn, for herrane: inkl massasje av rygg/nakke/hovudbotn )

BEHANDLINGER MED MD FORMULATIONS
Fruktsyrepensling 20 min kr 499,-
Fruktsyrebeh 50 min kr 750,-
Kur ( 6 ) kr 2200,-

KROPPSBEHANDLINGER
Kroppsinnpakninger 80 min kr 950,-

SNART MAMMA
Enkeltbeh 80 min kr 950,-
Kur ( 6 ) kr 5000,-

MASSASJE MED KROPPSSKRUBB
25 min kr 499,-
50 min kr 750,-

MASSASJE
Rygg/nakke 30 min kr 499,-
Fotmassasje 30 min kr 499,-
Rygg/nakke/fotmassasje 30 min kr 499,-
Rygg/nakke/hovudbotn 30 min kr 499,-
Heil kropp 60 min kr 750,-
Heil kropp inkl hovudbotn 90 min kr 1050,-
KUR rygg/nakke ( 6 ) kr 1995,-

DUOMASSASJE (pris pr person)
Heil kropp 60 min samt servering av frukt, sjokolade og te, kr 850,-

MANIKYR/PEDIKYR/SHELLAC
Spamanikyr 50 min kr 650,-
Minimanikyr/shellac 60 min kr 750,-
Shellac 30 min kr 450,-
Spapedikyr 60 min kr 750,-

SPAPAKKER HOS BADEHUSET (pris pr person)
Gode Venner 180 min kr 1800,-
Badehuset Spesial 90 min kr 950,-
Badehuset Luksus 160 min kr 1700,-

HÅRFJERNING
Overleppe, hake, hals, bryn eller kinn. Per område kr 150,-
Legger, lår, mage eller brystkasse. Per område kr 350,-
Legger, lår og bikinikant kr 750,-
Rygg kr 550,-

SMINKE OG FARGE
Dagsminke 30 min kr 450,-
Dagsminke med rettleiing 50 min kr 650,-
Kvelds-/festsminke 40 min kr 550,-
Bruresminke ca 120 min inkl prøvetime og jordbær/sprudlevann/konfekt kr 2200,-
Farging av vipper og bryn inkl forming av bryn kr 350,-
Farging av vipper, forming av bryn kr 225,-
Farging av bryn kr 165,-
Forming av bryn kr 100,-
Forming og farging av bryn kr 200,-

Alle priser er pr person.

 

Åpningstider

Sjekk våre åpningstider...
 

Badehuset er åpent mandag til lørdag 10.00- 19.00 Behandlinger mandag til og med lørdag, men må forhåndsbestilles !