Bestill her

Restaurant Stovene

“historisk” restaurant

Vi er veldig stolte når vi ynskjer deg velkomen til vår “historiske” restaurant. Vi har høge ambisjonar og kan love deg ei matoppleving både til kvardag og fest. Etter å ha vore gjest hos oss på Gloppen hotell skal du skjønne at det er noko heilt spesielt med lokal mat frå Nordfjord. Hos oss er maten frå bygda, fersk, rein og utan tilsetningsstoff.

Lokal mat

Eit eventyr med Bodil Fjellestad og Fjordameny

I vår historiske restaurant kan vi tilby ei reise i lokale smakar. Geit, lam, gris og okse er frå lokale bønder. Viltet er frå lokale jegarar. Fisken er frå Gloppen eller like ute ved kysten. Bær, frukt og nokre grønsaker er dyrka på Sandane og mykje av baksten lagar vi sjølv. Spekematen er frå eige produksjonskjøkken og stabbur. Urtene skaffar vi frå Høgt og Vilt- ein gard uti fjorden.

Les mer