Bestill nå

Valldal Aktivitetspark

Valldal Aktivitetspark er ein hyggeleg park der store og små kan kose seg ein heil dag med aktivitetar. I klatreparken har vi totalt 1150 meter med klatreløyper i forskjellige vanskeligheitsgrader, lenge og høgde. Fleire zip-liner der dei lengste er over 120 meter lange


For dei minste har vi ei eiga klatreløype (ned til 2 år), leikestativ, sklie, sandkasse og hoppepute. I juli får vi også besøk av trolla som har teaterframsyning og arrangerer jakta på trollskatten.

I Tunet står Stova med benkar og bord under tak. Her kan du ta ein kvil frå aktivitetane i ly for vêr og vind. Vi har både gassgrill og vedfyrt grill som våre gjestar fritt kan bruke. Her kan du tilberede medbrakt grillmat. I kiosken har vi eit enkelt utval av mat, kald og varm drikke, is og kaker.

Vi tek gjerne imot grupper både innafor og utanfor ordinær opningstid. Ta kontakt for tilpassa opplegg med klatring, teambuilding/lagkonkurransar eller 5-kamp. Grilling eller matservering kan også vere ein del av pakken.

Vi held open for individuelle besøkande helger, sommarferie og haustferie frå mai til oktober.
Gruppebestillingar alle dagar frå mai-oktober.

Sjå opningstider på våre nettsider. Booking gjer du på www.valldalaktivitetspark.no 

Velkomen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving!

 

Andre aktiviteter for Valldal Fjordhotell: