Harøya er den største øya i kommunen med Myklebust i sør og Steinshamn i Nord.
Steinshamn og Finnøya er knytta saman med ei bru. Det er mange som freistar fiskelykka frå brutoppen.
Steinshamn er kommune sentrum, og her finn du m.a bank, daglegvarebutikkar, frisør, pub, offentlege kontor og legesenter.
Harøya er eit eldorado med fantastisk natur med fine naturstiar på kryss og tvers over heile øya, og med god moglegheit for fiske både frå land og båt. Tur på ”Harøyburet”, - med sine 156 moh-, er ein lett fottur der du kan oppleve overveldande utsikt med rundskode over alle Sandøy kommune sine 871 holmar og skjer, samt nyte heile panoramaet der du på klåre dagar kan sjå fra Hustadvika i nord til Ålesund i sør.
For småbåtfolket er det tilrettelagt med gjestebrygger i småbåthamnene i Røsokvika, Morsundet, Myklebust og på Steinshamn.



