Bookmark and Share

 


Ona / Husøya

Ona er det sørlegaste fiskeværet i Noreg med busetnad. Øyene er som skapt for å rusle rundt og oppleve havet, lyset og Ona stemniga.
doc_2_1755.jpgdoc_3_1755.jpgdoc_4_1755.jpgdoc_2_1755.jpgdoc_3_1755.jpgdoc_4_1755.jpgdoc_5_1755.jpgdoc_6_1755.jpgdoc_7_1755.jpgdoc_8_1755.jpg
Ona er det sørlegaste fiskeværet i Noreg med busetnad. Øyane er som skapt for å rusle rundt frå
Ona-været og opp til fyret og innover den opnare Husøya.
Her kan du nyte naturen, vandre langs svaberg og strender, fiske fra båt og molo, puste inn rein og frisk sjøluft, stresse ned og la inntrykka fylle deg.
 
Dei fleste tek turen opp til det høgaste punktet på øya, -Onakalven med fyret -, for å nyte utsikta ut mot havet. Ona fyr vart etablert i 1867 og er er eitt av dei mest kjente landemerka
langs norskekysten. Fyret vart automatisert i 1971 og er freda.
 
Ona er også kjent for sin keramikk,  og her er 2 forskjellige verkstader med butikkutsalg. ”Onakalven” i kjellaren i fyrmesterboligen, og ”Brun og Blå ” ligg ved Havstuene.
 
Om du ønsker å overnatte kan du leie private feriehus eller leiligheiter ved Ona Havstuer. På Ona Havstuer er der sommaropen restaurant, og i same huset finn du øya sin einaste butikk.
 
Ona Havstuer ligg like ved ferjekaia der det går ferje mellom Ona, Sandøya, Finnøya,
Orta og Småge.