Torodd Bua
Naust fra 1914 som i dag er som eit lite museum for gammelt fiskeredskap og båtutsyr.
Der står utstilt ting og tang som Torodd Huse har samla opp gjennom åra.
Om du ønskjer omvisning kan du ta kontakt med Svanhild Huse på telefon: 71 27 66 42
Vindmøllepark
Omtrent midt på Harøya kan du sjå ein av Noregs første vindmølleparkar.
Der står 5 ruvande møller, og er ein nyskapning i det norske landskapet.
Bygginga av vindmølleparken på Harøya var i 1999.
Harøyburet
Harøyburet raver 156 meter over havet.
På toppen er det rundskue og du kan sjå ut over heile Sandøy Kommune sine ca 800 holmar og skjær.
Det er fleire stiar opp til toppen, og turen er berega som ein lett
fottur på ca 1 til 1,5 timers rolig spasertur med litt pause.
Turstier
Fleire stadar på Harøya har kommunen laga naturstiar.
Nokre av dei er skilta med "Riksgrensa", "Vindmøllene", "Vågen" og "Harøyburet".
Havgula
Butikk på Steinshamn som private i kommunen kan levere sjølvlaga
håndtverk for salg. "Havgula" er fullt av flott heimelaga håndtverk,
både i keramikk, tre, strikka, hekla og sydd.
Åpningstid: 1. april - 31. august


