Bestill her

Behandlinger

i Spaet...

Våre spa behandlinger passer for alle. For at du skal få den behandlingen og tidspunktet du ønsker, anbefaler vi at du bestiller i god tid før du kommer.

ANSIKTSBEHANDLINGAR
Vi startar behandlingane med ein hudanalyse. Det gjer vi for at behandlinga og produkta vi bruker, skal vere tilpassa huda di og tilføre henne det ho treng. Deretter følgjer ein herleg «velkomstmassasje» av nakke og skuldrer.


For damene

Unn deg ei herleg, fuktgivande behandling som gir huda næring, glans og glød! Du får reins, peeling, damp, massasje av skuldrer/nakke og ansikt, maske, behandling med fuktgivande produkt og ein lett makeup. Etterpå gir vi deg gjerne råd om oppfølgjande behandling og produkt.


For herrane

Overrask deg sjølv med ei herleg oppleving! Ei oppfriskande og avstressande behandling for menn med reins, peeling, ansiktsmassasje og maske. Vi bruker effektive herreprodukt for barbering og pleie. Etterpå gir vi deg gjerne råd om oppfølgjande behandling og produkt.


MASSASJE
Velværemassasje med eteriske oljar spesielt tilpassa deg og dine behov!


HEIL KROPP
Velværemassasje frå topp til tå.


RYGG/NAKKE

Løyser opp stiv muskulatur og spenningar som kjem av stress og hovudverk.


FOTMASSASJE

Sliten i beina? Fotmassasjen lindrar hovne og verkjande legger og føter.


FULL PAKKE

Unn deg halvannan time i kunnige massørhender. Omfattar massasje av hovudbotn og føter.


SPAPAKKAR HOS BADEHUSET

GODE VENNER
Ei behageleg og avslappande velværestund for par eller venner. I det flotte dobbelkabinettet vårt kan de dele ei hyggeleg oppleving i rolege omgivnader. Behandlinga består av spamanikyr og spapedikyr (hand- og fotbad, filing og reingjering av neglene, peeling, maske og massasje). Til slutt ein herleg kroppsmassasje. Vi serverer drikke og frukt.


BADEHUSET SPESIAL

Senk deg ned i vårt unike karbad fylt med herlege og velduftande oljar, få servert litt frukt og drikke og berre finn ro. Etter badeseansen: legg deg på benken og få ein avslappande kropps - og hodebunnsmassasje!


BADEHUSETS LUKSUS

Få ein himmelsk dag i behandlingsromma våre! Luksusen startar med eit karbad og held fram med ein kroppsskrubb med massasje. Deretter serverer vi litt frukt og drikke og held fram med ei oppfriskande ansiktsbehandling (reins, peeling, korrigering av bryn, rygg- og nakkemassasje og maske). Mens du ligg med maske, får du ei fuktgivande parafinbehandling for hendene.


MANIKYR / PEDIKYR

SPAMANIKYR
Herleg hand- og neglepleie som er fuktgivande og forfriskande. Du får handbad, filing og reingjering av neglene, peeling, maske og massasje.


PARAFINBEHANDLING

Vitaliserande, fuktbevarande og djuptverkande behandling med parafinvoks. Parafinen mjukar opp neglebanda og huda så hendene får ein mjuk og frisk utsjånad.


SPAPEDIKYR

Fantastisk luksusbehandling for føtene! Fotbad, peeling, fjerning av hard hud, stell av negler og negleband, herleg massasje av føter og legger, pluss maske. Ikkje klinisk fotpleie.


HÅRFJERNING

Midlertidig hårfjerning gir glatt og mjuk hud i fleire veker.

  • Overleppe, hake, hals, bryn eller kinn
  • Legger, lår, mage eller brystkasse
  • Legger, lår og bikini
  • Bikini eller armholer
  • Rygg
  • Hårfjerning med straum


MAKEUP OG FARGING

  • Dagmakeup med rettleiing
  • Kvelds- og festmakeup
  • Bruremakeup med prøvetime
  • Vippeløft
  • Farging av vipper og bryn, inkl. korrigering av bryn
  • Farging av vipper, korrigering
  • Farging av bryn
  • Forming av bryn
  • Forming og farging av bryn


SPAETIKETTE

Slik vil vi at gjestene våre skal oppleve Badehuset Spa:
Stille og ro er viktige føresetnader for eit vellykka spaopphald. Vi ønskjer at du skal få ei unik oppleving under behagelege og avslappande forhold. Mobiltelefonen bør du helst slå av og leggje att i garderoben eller på rommet. Vi anbefaler deg å ta ein dusj før opphaldet i spaavdelinga. Gjestene våre skal kunne nyte tida i spaet utan å bli forstyrra av fotografering eller filming. All røyking ved Angvik Gamle Handelsstad må sjølvsagt skje utandørs.


BEKLEDNING

I alle karbadbehandlingar rår vi gjestene til å ha på badetøy. Eingongsundertøy kan brukast i behandlingar som set farge, og blir utdelt før behandlinga. Under massasje og kroppsbehandling kan privat undertøy brukast.


PRODUKT

I behandlingane våre bruker vi kjende produktmerke som Decleor, Bare Minerals, Elisabeth Arden PRO og Maria Åkerberg. Desse produkta sel vi dessutan i resepsjonen ved spaet.



TIMEBESTILLING 
Time kan bestillast på telefon: 71 29 13 03 eler på mail spa@angvik-hotell.no

ÅPNINGSTIDER FOR BADING

Mandag  - lørdag 10.00- 19.00 

ÅPNINGSTIDER FOR SPA BEHANDLINGER

Mandag & onsdag 10.00 -16.00
Tirsdag & torsdag 16.00 - 20.00
Fredag & lørdag  10.00 - 17.00

Kontakt oss: 

Rita på tel. 71 29 13 03 spa@angvik-hotell.no