Aldri kje-deleg med kje

Dette var overskrifta på Bodils meny for dagen onsdag 25. mars på Gloppen Hotell.

Her var det nemleg samling for geiteprodusentar og hotellbransjen, for å skape litt velfortent blest rundt geita, geitemelk og kjekjøt. Det har dei siste åra vore gjort ein stor jobb i geitebransjen i fylket – heile geitestammen er bytta ut, foret er endra på, og resultatet er ei mjølk med rundare smak og langt fleire bruksområder. Bodil hadde laga fleire herlege rettar med geitemjølk og kjekjøt som utgangspunkt, og vi håpar no at alle desse gode produkta vil få den plassen dei fortener i vårt kosthold.

De kan lese meir om denne dagen i NRK her.

IMG_6305-400x361.jpg
Kjekjøt: Lår, bog og carré
IMG_6304-400x361.jpg
Ulike ostar frå geit
IMG_6303-400x361.jpg
Råmelkspudding av geitemelk, laga av Ester Løvland
IMG_6302-400x361.jpg
IMG_6301-400x361.jpg
Mange gode ostar på markedet no av geitemelk
IMG_6300-400x361.jpg
IMG_6299-400x361.jpg