Bryllaup i hagen

Romantikken lever her på Gloppen Hotell, og i sommar har vi som vanleg hatt bryllaup omtrent kvar einaste helg- Det er så kjekt!

Ein av dei dagane vi hugsar ekstra godt var bryllaupet til Elisabeth Bergesen og Asle Arnestad. Ei nydeleg vigsle ute i vår eigen hage, med påfylgjande middag og kaffi i teltet.

mg_2170-1024x683.jpg

Dette paret er vanlegvis busett i Bergen, men hadde bestemt seg for å vende tilbake til Asle sine røter her på Sandane til denne viktige dagen. Vi har vore så heldige å få dele nokre av bildene, tatt av Runar Sandnes, veldig flink fotograf her frå Gloppen. Enkelte bilder er tekne av bryllaupsgjestene. Tusen takk  for at de deler dykkar store dag.


DSC_4418-400x361.jpg
DSC_4414-400x361.jpg
Alle blomsteroppsatser er laga av dei flinke folka på Vereide Blomster
DSC_4419-400x361.jpg
mg_2132-400x361.jpg

Teltet var pynta og dekka opp etter alle kunstens reglar til dette koselige lille bryllaupet på vel 40 gjester. På menyen sto det kamskjell frå Kalvåg, hjortebiff av lokal hjort og sjokoladefondant.

DSC_4361-685x1024.jpg

I hagen var det sett opp stolar til gjestene, stasstolar til brudeparet, midtgang og eit lite alter til presten. Det var eit nydelege augeblikk når brura gjekk ned midtgangen til vakre tonar, der presten venta foran tende lys.


mg_2145-400x361.jpg
Stolar flytta ut i hagen frå Peisestova.
mg_3530-400x361.jpg
mg_2160-400x361.jpg
mg_2163-400x361.jpg
mg_3561-400x361.jpg
mg_3586-400x361.jpg
mg_3540-400x361.jpg
mg_2241-400x361.jpg

Eit lykkeleg brudepar etter vigslinga


mg_3596-1024x683.jpg

Etterpå var det tid for fotografering, og det foregjekk i Jølet, på Norfjord Folkemuseum. Dette er ein populær plass å ta bryllaupsbilder, og kun eit par minuttar å gå frå hotellhagen. Vel tilbake kunne dei gå ut på den gamle hotelltrappa og motta applaus frå alle sine gjester og starte feiringa. Tusen takk for besøket- ein fantastisk gjeng som visste å skape den beste stemninga rundt feiringa.


mg_3646-400x361.jpg
Brurefølget på vei til fotografering
mg_3632-400x361.jpg
mg_2264-400x361.jpg
mg_3686-400x361.jpg
Så var det tid for å skride ut på hotelltrappa og motta applaus frå gjestene
mg_2323-400x361.jpg
mg_21751-400x361.jpg
mg_2178-400x361.jpg
DSC_4423-400x361.jpg
…og ein god skål med blanta anna eplemost frå Hauge
DSC_4460-400x361.jpg
Middag i teltet
mg_2200-400x361.jpg
Det tradisjonelle gruppebildet på hotelltrappa – for ein herleg gjeng!


Om du har lyst å vite meir om bryllaup på Gloppen Hotell, sjå her.