Chefs Dinner Norge

TAKK!

Det er følelsen vi sitt med, etter knallsuksessen med Chefs Dinner Norge.

Restauant Stovene var fullt oppbestilt av 40 forventningsfulle matentusiastar.

20150215-DSC_7428.jpg


Dette handlar om 6 lokalmat-elskande kokkar som har danna eit unikt samarbeid. Den aller første Cheds Dinner vart halden hos oss på Gloppen Hotell. Vår eigen hotellsjef Preben Moen var med, samt Nils-Henning Nesje frå Storfjord Hotell, Gunnar Nagel- Dahl, matatache Fylkesmannen i Hordaland, Torstein Hatlevik frå Haaheim Gaard, Jonas Nåvik fra Engø gård og Alexander Nussbaum frå Fylkesmannen i Vestfold. Alle desse fine folka har altså kome saman for å spre herleg lokalmat utover heile landet etter tur. Først ut var vi på Gloppen Hotell, så kjem Storfjord Hotell, Haaheim Gard og Engø Gård etter. Dette skal bli ein årleg turne, der kokkane samlar inspirasjon og kunnskap frå kvarandre og serverar gourmetmiddagar til folket.


Vi lånar Anita Holm Cirotzki sin fine kommentar etter middagen:


“TAKK for eit uforgløymeleg måltid på Gloppen hotell i går! Makan til mat har vi aldri smakt. Så mange gode smakar de fekk ut av dei 13 rettane kan vanskeleg beskrivast. Humoristiske historier og fantastisk mat bidrog til ei upåklagelig stemning heile kvelden! Vi har mellom anna smakt på på fritert lav, sprøstekt blad frå hagen, vaktelegg, andebryst, gravet sjøkrepschips, sellerirot i Trolldeig, eplechips, torsketunge, torskekjake, sylta skate, ballelaus okse, torskesæd, palmekål chips og splætt osv osv… Lista var enda lengre enn dette og alt stod til terningkast 6!


Er ein ute etter den heilt unike matopplevinga er Chefs Dinner det rette. Etter 6 timers bordsete, 13 rettar og 10 glas vin takkar vi Preben Moen og hans team av kokker frå ulike plasser i landet for ein heilt fantastisk smakfull aften

20150214-DSC_7115-400x361.jpg 
Alexander Nußbaum forbereder
velkomstbordet

20150214-DSC_7130-2-400x361.jpg

Ingeborg Grønningsæter
Valde i djup konsentrasjon
20150214-DSC_7139-2-400x361.jpg
Vaktelegg frå Skalledstad og rugbrød
med friterte fiskelefser
20150214-DSC_7201-400x361.jpg
20150214-DSC_7191-2-400x361.jpg
Torstein blåser i luren og ynskjer velkomen
20150214-DSC_7162-400x361.jpg
20150214-DSC_7140-400x361.jpg
And i rugbrød
20150214-DSC_7210-400x361.jpg
Tid for apritif
20150214-DSC_7235-400x361.jpg
20150214-DSC_7240-400x361.jpg
20150214-DSC_7264-400x361.jpg
Kamskjell frå Bergen, eplechips, eplesaus og kjørvel.
20150214-DSC_7269-400x361.jpg
20150214-DSC_7290-2-400x361.jpg
Torsketunge og torskekjakar med ramslaukmajones.
20150214-DSC_7298-2-400x361.jpg
Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard var ein heilt fantastisk vert for kvelden med god underhaldning
20150214-DSC_7312-400x361.jpg
Torsk frå Kalvåg, torskemelk, romanesco, bruna smør hollandaise
20150214-DSC_7335-400x361.jpg
20150214-DSC_7357-400x361.jpg
20150214-DSC_7401-2-400x361.jpg
20150214-DSC_7364-2-400x361.jpg
Hjort i frå Gloppen, jordskokk-krem, raude betar og rosenkål og tyttebær
20150214-DSC_7362-400x361.jpg
To av våre eigne kokkar er meget nøgde, Tone Lyngnes og Bodil Fjellestad Eikrem
20150215-DSC_7410-400x361.jpg
Sjokolade nougatine, solbærmarmelade, solbær og youghurt sorbet og vaniljesaus
20150215-DSC_7421-2-400x361.jpg
20150215-DSC_7428-400x361.jpg