Ein god start på dagen…

Frokost

Frukosten vår er vi faktisk så stolte av, at den fortener sitt eige innlegg her på bloggen. Den er eit kapittel for seg. Liten, men stor likevel!

Den har gått igjennom fleire stadier dei siste åra og vi har blitt strengare og strengare med kva som skal serverast til dette måltidet. Det siste året har vi servert utelukkande heimelaga mat av lokale råvarer også til dette måltidet. All engangsemballasje, tuber og anna juks og fjas blei kasta vekk og erstatta med våre eigne produkt. Ja, bortsett frå osten, den får vi levert frå ulike produsentar rundt om, vi har visse begrensingar vi også 🙂

Brod-1024x626.jpg

Alt av brød, bollar og rundstykker baker vi sjølve. Fast innslag på frukostbuffeten er dette ølbrødet til venstre, laga av øl frå vårt eige bryggeri. Til høgre er eit skikkelig luksusbrød; nemleg vårt eige rugbrød. Inni dette finn du mykje godt! Her er naturell youghurt, ulike nøtter og kjerner, aprikosar, svisker og tyttebær. Det smakar heilt himmelsk, særleg med ein dæsj honning og skiver av kvitost.

IMG_6338-400x267.jpg
                                               
Brioche--300x219.jpg


Vårt heimelaga knekkebrød er sprøtt godt- det består utelukkande av nøtter, kjerner og frø, vatn og litt salt. Til høgre ser du vår heimelaga brioche. Ekte søt fransk fristelse med myyykje smør. Ein skal jo kose seg på hotell ikkje sant? Smakar ypperleg med vårt heimelaga syltetøy av bær frå Gloppen.


Omelett1-1024x683.jpg

Kvar veke får vi ca 30 brett heilt ferske egg frå hønene til Bjørn Rygg og Solfrid Utheim i frå Ommedalen i Hyen. Ofte er dei fortsatt varme når dei kjem inn bakdøra til kjøkkenet vårt!
Denne luksusen blir brukt mange plassar på frukostbuffeten. Vi har omelett, krema eggerøre, kokte egg og speilegg med vårt eige heimelaga bacon av gris i frå Fjellbygda. Vi lagar også eggesalatar og vår eigen majones.


Kjottboller-1024x683.jpg

Mange likar litt ekstra energirik frukost når dei er på hotell. Vi har alltid kjøttbollar på buffeten i heimelaga tomatsaus. Kjøttbollane er laga av okse frå Anton Kleppe på Breim.


Rokelaks-1024x650.jpg

Røykelaksen vår har vi laga sjølv i mange år. Den er stort sett laga av laks vi får levert frå Coast Sea Food i Måløy. Denne saltar vi i eit døgn, vasker den og tørker den i to døgn, før vi røyker den. Den blir også ettertørka før den blir pakka, for ei god spekehinne og tørr og fin laks.

Hamburgerryggen lagar vi også sjølv. Den er laga av nakke og kam av svin frå Fjellbygda. Den blir salta, røykt og kokt i pressformer. Dette pålegget har vore svært populært og kan kun fåast her hos oss på hotellet. Vi bruker den også på koldtbord og til catering.

Rekesalat-1024x851.jpg

Rekesalaten er laga av store handpilla reker, epler, lime og creme fraiche og går i mengder av kvar morgon. Ein sann nytelse!


oversikt-frokst1-1024x683.jpg

Her ser de litt meir frå buffeten. Heimelaga leverpostei, og fleire typar sild. Silda får vi frå Snorre Seafood i Måløy. Vi syltar og lagar balsamicosild og sursild. Av og til, særleg rundt juletider, lagar vi også rømmesild og tomatsild.


shots1-1024x633.jpg

Vitaminshots må ein ha så ein er klar for dagen. Desse er stor sett laga av ulike bær frå Gloppen og litt eplejuice frå Fjordane Gardspresseri.


Nottesmor-1024x683.jpg

Nøttesmøret vårt er verdt å smake. Vi har både heimelaga sjokoladepålegg av hasselnøtter, og heimelaga cashewsmør. Smakar nydeleg på sveler, som du steiker sjøl på takka. Dette er kokkane sjølve sin store favoritt, og kvar morgon, når klokka er ti og gjestene forsynt, går takka seg god og varm med mengder av sveler til både kokkar og personal ellers på hotellet. Vi veit å kose oss! Her nedanfor ser du sjefskokka og sveleentusiasten sjølv, Bodil Fjellestad Eikrem.


Bodil-og-svele-web.jpg

Dessert1-1024x683.jpg

Ja til slutt kjem desserten. Sjølv på frukosten treng vi ei søt avslutning på måltidet, syns vi. Her er ikkje fromasj kvar dag, men innimellom er der søte overraskingar på buffeten. Og vår eigen heimelaga konfekt. Den kan du også kjøpe i resepsjonen. Kjeks, både søte og mindre søte, finn du kvar dag og kan nytast saman med ein velfortent kopp kaffi.

Velkomen til frukost hos oss, du finn den klar kvar morgon, mellom 07:00 og 10:00.