Høgt og Vilt i Devik

Av våre lokalmatprodusentar, så er det vel ingen som tilby ein slik storslagen natur som ramme rundt produksjonen sin som Bjørg Aurlien i Høgt og Vilt.

kollage-2-1024x567.jpg


Det er nett som namnet tilseier; Høgt og vilt, i stupbratte åssider over Gloppefjorden.

forrett.jpg

Og her oppe driv Bjørg ein storstilt økologisk urtefarm. I dag var ho så snill å ta imot ein gjeng frå hotellet på omvisning og smaksprøver av alle skattane som ligg her i åssidene. Vi hadde også nokre damer på hospitering frå Petrines Gjestgiveri på Sunnmøre, som ville lære meir om både Gloppen Hotell og våre fine lokalmatprodusentar.


IMG_7871-1024x604.jpg

Før vi kunne sjå på urter måtte vi bare nyte utsikten litt. Den er til å miste pusten av. Og lett skjelvande var enkelte også, etter den bratte bilturen opp. Rett fram ser vi mot Anda- flyplassen og fergeleiet. 


IMG_7867-1024x603.jpg

kollage-fire-1024x567.jpg

Vi gjekk ei god runde i urtehagen til Bjørg. Ho har over 25 ulike sortar urter, og ca 10 viltveksande urter. Så leverar ho fleire ulike urteblandingar og teblandingar til utvalde butikkar rundt om i fylket. Og til oss på hotellet leverar ho ferske urter heile sesongen i gjennnom. Resten av året nyttar vi tørka urter frå Bjørg. Vi nyttar mange av dei etande blomane som dekor på våre rettar, som kornblomst, ringblomst og agurkblomst. Ellers er vi veldig glad i kinagrasslauk, timian, mynte, oregano, isop, persille og sar. Bjørg er også eit oppkomme av kunnskap og gjev oss stadig tips til nye urter og bruksområder.


IMG_7938-1024x683.jpg

På Høgt og Vilt sine eigne nettsider kan vi lese litt om historia til garden.
“Devik er ein gamal gard, i skriftlege kjelder først nemnt på 1100-talet. Som svært mange andre gardar låg også denne aude frå ca. 1350 til slutten av 1500-talet. Bjørg kjem opprinneleg frå nabobruket der det er ubrutt slektsline attende til 1500-talet.  Fram til sist på 1960-talet var Devik ein veglaus gard, og all transport til og frå gjekk med båt. Bilvegen frå sjøen opp dei to kilometrane til høgste bruket vart bygd midt på 1950-talet. Den tida var vegbygging i stor grad handarbeid, og dei flotte vegmurane står like støtt i dag som då.” “Det er den økologisk urteproduksjonen som gjev inntekta her på garden. Vi har og ein hest og nokre høner, som gir trivsel og bidreg til å halde kulturlandskapet i hevd.”Arealet vi brukar til urteproduksjon er dels så bratt og dels så vanskeleg tilgjengeleg med traktor, at pløying foregår med vinsj som trekkraft. Det er forholdsvis tungvint, men fungerer for våre små areal. Alt arbeid etter pløying er handarbeid.”

IMG_7951-1024x683.jpg

Bjørg skriv på alle glass og pakkar forslag til kva vi kan bruke urtene til. Dei er skånsomt tørka på ca. 35oC.

IMG_7857-400x361.jpg
Vakker velkomst til produksjonslåven.
IMG_7860-400x361.jpg
Bjørg viser oss urter frå tørkerommet.
IMG_7864-400x361.jpg
Flott utsikt ut luka der vinsjen kjem med varer.
IMG_78631-400x361.jpg
IMG_7964-400x361.jpg
Varelageret vert grundig fotografert
IMG_7949-400x361.jpg
Ulike urteblandingar.


Sjølv om vi er komen til slutten av oktober, var det fortsatt fargerikt i åkeren. Vi fekk smake på fleire ulike urter. Nokre kjende, og andre heilt ukjende.


kollafge-fem-1024x477.jpg

Til venstre ser de Monarda. Og Bodil smaker på eplemynte.


IMG_7893-1024x683.jpg

Hønene kan ikkje klage på hverken plass eller utsikt.


hanen-1024x477.jpg

Eit hjarte i åkeren.  Dette er graslauk.


IMG_7933-1024x740.jpg

Og urtedronninga sjølv 🙂

IMG_7925-1024x643.jpg

IMG_7872-400x361.jpg
Malva
IMG_7898-400x361.jpg
Isop
IMG_7902-400x361.jpg
Ringblomst
IMG_7921-400x361.jpg
Blå kornblomst
IMG_7946-400x361.jpg
Karseblomst
IMG_7927-400x361.jpg

Etter hagevandringa, var det tid for å smake på te. Og den gjorde så godt, særleg på ein litt kjøleg haustdag som denne.


te-1024x782.jpg


IMG_7995-400x361.jpg
Stabbur og gardsutsalg om sommaren.
IMG_7968-400x361.jpg
IMG_7978-400x361.jpg


Bjørg tek imot grupper i sesongen, og då kan du gjerne ta deg ein tur innom gardsbutikken i stabburet. Neste sesong skal ho også saman med hotellet arrangere te-smakingar for grupper, med omvisning og storslått natur på kjøpet. Har du lyst å kjøpe produkter frå Bjørg, er det bare å sjå på sidene ho har her, og suse til næraste utsalgsstad. Vi skal også ha inn ulike ting i utsalget vårt på hotellet om kort tid.


alle-sammen-1024x683.jpg

IMG_8001-400x361.jpg
IMG_7999-400x361.jpg
IMG_7998-400x361.jpg