Korleis skal ho no betale for SFO i januar?

Innlegg frå oppgitt hotelldirektør

10.12.2021
Av: Husfar / Hotelldirektør Preben Moen, Gloppen Hotell

I irritasjon og skam overfor mine ansatte på hotellet, har eg permitert meg sjølv. Som ein av dei første. Fordi eg har råd. Kva om hotella heller fekk permisjonspengane mot å halde dei ansatte i full jobb?

Det ringer:

– Hei, eg er i karantene, men vi får vel koble oss opp på teams.

– Ja, etter leiarbriefen, klokka 14.00. Vi er der igjen. Tenk det!

– Ja, tenk det. No trudde eg faktisk det var over.

– Alle har avbestilt i helga. Og vi har ikkje noko spesielt med aktivitet før jul, ser ut som det blir en stille vinter.

– Ja, tenk at vi skal permittere igjen, det er altså fjerde gongen.

– Ja, herregud.


Leiarbrief

Leiarbriefen går sin gong. 20 minutt med prat frå øverste hold. Om kva tiltak hotella må gjere, kva skal vi no gjere med trafikken som er vekk? Er det todagers permitteringsvarsel? Eller tidagers, eller kanskje 14? Korleis gjer vi det med juleferien? Skal vi permittere folk då, for å så og ta dei inn igjen rett over nyttår?

– Ja, jo, vi trur det er slik. Det kom ikkje tydeleg fram. Og vi har snakka med Virke, advokatar og andre for å finne ut av det.

– Ja, vi får vel berre permittere alle: Pass på å ha ei grunnbemanning i tilfelle; pass på leiarane, hald dei informerte og pass på dei tilsette. Vis omsorg.

– Flott folkens, vi snakkast igjen til ny brief i morgon. All kan kontakte oss på hovudkontoret for saker som angår kvart hotell. Takk. Ha det.


SMS 1

«Hi Preben, how are you? I know ur in carantine, im wondering if I could go home this Christmas? And when should I come back? Im not sure if I am, to be honest.»

Svar: «Of course u can, mate, im not sure, I would love to have u here.»

Neste:

«Hi Preben, do state give us feriepeng next year?»

Svar: «Hi, I don’t know. I hope so!»

SMS 2

«Hei, faen det her suge. Når skal vi bli tatt seriøst?»

Svar: «Eg beklagar! Staten virker heilt hjelpeslause på å finne løysingar som fungerer for oss.»


Tenk om 

Tenk om det hadde vore i olja, ja tenk det. Då hadde det blitt skattefest. Men vi er jo ikkje olja, heller ikkje den nye olja. Vi er berre reiseliv, restaurantar og uteliv. Vi er distriktsbyggerar og ikkje minst veldig nære kvarandre. Altså, vi kjenner kvarandre veldig godt. Men akkurat no kunne eg tenkt meg å vere ein av ein million på heimstaden min.

Men vi er jo ikkje olja, heller ikkje den nye olja. Vi er berre reiseliv, restaurantar og uteliv

For når du skal arrangere allmannamøte for fjerde gong, med den same beskjeden til ansatte som eg veit ikkje har all verden, men dei har i alle fall råd til å betale SFO og huslånet fordi dei jobbar i ei lokal hjørnesteinsbedrift som har drive med reiseliv i snart 200 år. Men 1. januar er vedkomande offer for statleg inkompetanse og blir permitert for fjerde gong, og det på knapt to år.

Korleis skal ho då betale for SFO i januar? Med 62,4 prosent av løna si?

Kanskje ho berre skal selge huset og flytte? Kanskje draumen om Noreg ikkje er så bra? Kanskje staten aldri heilt skal finne ut av korleis dei best mogeleg skal ivareta våre ansatte i denne bransjen? Kanskje eg berre skal gje opp?

Ja, i irritasjon og skam overfor mine ansatte har eg sjølv permitert meg. Som ein av dei første. Fordi eg har råd. Eg er heldig. Men hjartet mitt slår så utrulig sterkt for dei gløymde i pandemien, dei som no ikkje veit om husleiga kan betalast i januar.

Det vesle dei har av feriepengar, må kanskje ofrast fordi staten feila med hjelpa igjen.

Eg ber statsministeren og alle på Stortinget: Tenk logisk. De kom med ei nedstenging av nesten heile bransjen vår denne veka. Med det kan de sleppe å måtte ta over ansvaret for ansatte for tidleg (todagars permvarsel), derfor deler ein på kostnadane dei første dagane. Dette er greit, den norske modellen. Fint.

Men høyr her, staten må betale 62,4 prosent av løna til ein vanlig lønsmottakar dersom vedkomande blir permitert. Kva om de gjev den potten til hotella om dei held ansatte i 100 prosent stilling?

Da ville ansatte fått ei fredeleg jul. Staten ville brukt nøyaktig like mykje penger på å halde folk i sving. Og SFO-rekninga kan berre kome i januar og februar.

Det aller viktigste å påpeike, er at Virke, LO og NHO er enige. De har alle partar med dykk.

Problemet er at de kun har få dagar til å få fiksa dette. Og eg meiner at det burde ligge høgt og vore presentert på tv onsdag. For prisen for å ikkje gjere noko no, den er stor for alle hotell, restaurantar og baransatte. Og ikkje minst deira barn.

La stat, bedrift og ansatte gå saman om å gje folket i disrikta og i byane ei god og fredeleg jul, uten ekstra kostnad for ansatte eller staten. Slik at eg kan sjå mine ansatte i auga og smile, seie «God jul», utan og tenke: eg veit jo at den ikkje blir så god som den burde være.

Så slepp eg å sitte i telefonen med ansatte som treng hjelp og låne dei pengar til å komme seg heim for å sjå familien sin for første gang på snart to år.

Lat oss saman løyse dette for det beste for alle. Det er ein samfunnsfunksjon, dette vi driv med. Vi er ekstra viktige i distrikta. Gje reiselivet litt status for ein gongs skyld, slik olja og alle andre statlege arbeidsplasser blir det til del.

La oss bli anerkjende som dei samfunnsbyggarane og inkluderande arbeidsplassane vi er.

Artikkelen er å lese i bla. Dagens Næringsliv, Horcanytt og i sosiale plattformer