Lagbygging ved Veslevatn

For nokre dager sia hadde vi ei gruppe med veldig kjekke Vikarar her, som var på blåtur med jobben.

Vi stilte på med lokalmatmeny og ringte vår gode venn Rogier i Norway Adventures. Så var alt klart for ein fantastisk ettermiddag ved Veslevatn, ei perle (enda ei) i Gloppen.

baater-over-vatnet-722x1024.jpg

Kulissane her oppe i dalen over Fitje, kunne ikkje vore meir idylliske. Her har Bukta 4H bygd ein veldig flott gapahuk som er til utleige for den som vil. Vatnet ligg like ved, og her er fine turstiar rundt om i skogen og langs vatnet. Det som er heilt spesielt med Veslevatn er roen. Du merkar det med ein gang du kjem fram, ein heilt eigen ro, midt i naturen berre 10 minutt frå Sandane sentrum.


klargjering-aktiviet1-1024x769.jpg

Klargjering til lagbygging MORO. Rogier forklarar og deler inn i ulike lag. Det er så interessant å sjå korleis laga fordeler arbeidsoppåvene sine og korleis samarbeidet fungerar. For her skal ein få bryne seg på litt ulike ting ein ikkje vanlegvis må tenke på. Som å lage ei A-ramme. Og komme seg fram med den.


A-RAMME-1024x769.jpg

a-aktivitet-1024x794.jpg

Og medan jentene frå Vikane Omsorgssenter jobba hardt, laga vi til eit herleg middagsbord utanfor gapahuken.


klar-til-middag-1024x774.jpg

Inne i Gapahuken kan du forresten overnatte også, om du har lyst å være tett på naturen. Vide gode benkar med tepper og skinn er laga til her. Og ei bålpanne i midten som varmar godt.

Aktivitet-2-1024x769.jpg

Imponerande gruppearbeid og gode analytiske evner vart lagt for dagen.

middag-1024x769.jpg

Så var det tid for middag etter særs god innsats i skogen. Lokalmat sjølvsagt, med eplemost frå Fjordane Gardspresseri. Oksegryte med potetstappe, heimelaga brød og salat. Og til dessert; Bringebærkake og kaffi. Tusen takk for turen damer, og velkommen tilbake til oss på lagbygging og lokalmatnytelsar i vakker natur.

foran-gapahuken-1024x683.jpg