Gloppen Hotell åpner igjen

Det gleder vi oss til

29.04.2020
Av: Gloppen Hotell

– Vi har endeleg fleire bestillingar enn avbestillingar, seier hotelldirektør Preben Moen til avisen Firda.
I dag opnar Gloppen Hotell endeleg dørene etter å ha vore stengt sidan koronaviruset råka.– No klør det i fingrane, vi er veldig klare, seier hotelldirektør Preben Moen til avisen.

OPNAR ATT: Hotelldirektør Preben Moen er svært glad for at dei no kan opne hotellet att. – Eg er veldig klar, seier glopparen. Foto: Svein Hegheim(Arkiv)

– Dette er arbeid vi uansett ville ha gjort, men som hadde vore vanskeleg med gjestar, så slik sett har vi fått utnytta denne perioden godt, sier Preben Moen til avisa Firda (krever innlogging).

Koronaen har råka hotellet hardt, og i mars og april har dei samla tapt ei omsetning på om lag fire millionar kroner.

– Før jul i fjor var alle helger frå mars og utover fullbooka, men no er helgene heilt tomme.

OPPUSSING: Når det er oppussing, blir det også litt rot, men no er heldigvis ting på stell og hotellet er klar for å opne att.

OPPUSSING: Når det er oppussing, blir det også litt rot, men no er heldigvis ting på stell og hotellet er klar for å opne att. Foto: Preben Moen

Alt av konfirmasjonar no i mai er utsett og det same er bryllaup. Vanlegvis ville hotellet hatt 15–16 bryllaup denne sesongen, men også det er sett på vent.

At countrytreffet på Breim er blitt avlyst, råkar hotellet også hardt, då dei har hatt ansvar for levering av mat og drikke. – Det er ein katastrofe for oss, seier Moen.

Nye bestillingar

Men det er nokre lyspunkt og no tek bestillingane seg opp.

– I starten var det berre avbestillingar, men no er det også fleire som bestiller seg rom, og vi har fleire bestillingar enn avbestillingar. Mange av dei som ringer er folk som må endre på reiseplanane og som lenge har vore nysgjerrige på Sandane og Gloppen, og som no tek ferien hit.

OPPUSSING: Hotellet har nytta tida til å pusse opp delar av hotellet.

OPPUSSING: Hotellet har nytta tida til å pusse opp delar av hotellet. Foto: Preben Moen


Nordmenn utgjer normalt sett vel 95 prosent av besøkstala til hotellet, noko som er gunstig for årets sesong, der dei utanlandske turistane uteblir.

Også laksefiskarane, som utgjere ei viktig gruppe for hotellet, vil ta turen som normalt denne sesongen, fortel direktøren til avisa.

Frokostløsning

No som bestillingane er i ferd med å ta seg opp, noko ein sommarkampanje med rimelegare hotellovernatting har mykje av æra for, vil hotellet ta inn fleire av dei permitterte att.

– Vi trappar opp att i neste veke att og no gler vi oss til å sette i gang att. Det har vore ei veldig spesiell tid dette her som eg verkeleg kjem til å hugse.

Når hotellet no opnar, blir det i første omgang berre i vekedagane. Dei kan ha så mange gjestar dei vil, men dei må følge nokre restriksjonar:

– Hovudproblemet er restauranten. Det er ikkje lov med buffear, så vi må lage frukostløsning til gjestene.