Perla i Jølet

Nordfjord Folkemuseum er ein av dei absolutt flottaste plassane du kan besøke i Nordfjordområdet! Ein sjeldan idyll, gøymd i Jølet bak Firda Vidaregåande og Trivselshallen, 5 minutters spasertur frå hotellet.

Hvis du likar fulgekvitter og elvebrus, dufta av nyslått gras og vakre vårblomstar, så er dette plassen for deg. Her kan du suge inn historia og den fantastiske atmosfæra. 45 ulike antikvariske hus frå 1700- og 1800-talet er samla på friluftsmuseet. Her er også ein veldig kjekk natursti der du møter ulike fugleartar, tresortar, støylslivet, fossegrimen, vasskraft, eventyr og mykje meir. Moro for liten og stor. Du kan lese meir om museet her, og sjå aktivitetane vi tilbyr våre gjester  og grupper i samarbeid med museet her.

Her kjem eit bilderas frå vår lunsjpause i det fri i dag.

Gardshus-1024x772.jpg

Sydnesshuset-og-gamle-Austrheim-skule-400x361.jpg
Sydneshuset til venstre og gamle Austrheim skule til høgre.
Lysthuset-og-sletta-400x361.jpg
Ei unik lita lysning på området. Her ser vi kunstinstallasjon av Cathrine Svendsby til venstre og den gamle ingangen til Hornindal sin prestebustad til høgre. Flott plass å ta bryllupsbilder. Eller ha ein liten piknik.
Ved-lysthuset-400x361.jpg
Sperrestover-400x361.jpg
Tre flotte hus som er eit ynda foto-objekt for mange. Røykhus, stove og stabbur. Og Holvikfossen i fjellet bak.
Treet-400x361.jpg
Dette treet blas ned på Hjelmeset for mange mange år sia, og blei så flytta inn på Folkemuseet.
Vasskraftverk-400x361.jpg
Vasskraftverket.
Paa-vei-opp-til-stoylen-400x361.jpg
På veg opp til støylen.
Infor-stoylen-400x361.jpg
Utsikten-400x361.jpg
Fin utsikt over Sandane og Gloppefjorden. Du kan sjå taka på Firda og hotellet i bakgrunnen.
Skogstur-400x361.jpg
Blomster-paa-taket-400x361.jpg
Markblomster på støylstaket.
Naturloype-400x361.jpg
Kulturloype-400x361.jpg
Innsekthotell har dei også- kanskje vi skulle tenke på noko slikt i hotellhagen også.
Mellom-hus-400x361.jpg
Inn-vindauget-400x361.jpg
Ein snikkikk inn glaset
Inn-vindauget-2-400x361.jpg
Hjertelaas-400x361.jpg
Hjartelås
Heggdalsloftet-400x361.jpg
Gammal-trevegg-400x361.jpg
Struktur i tre
Velkommen-inn-400x361.jpg
Takk for denne gang, det var ein flott tur som alltid.