Preben (28) kom til finale

Blant reiselivsbransjens beste leiarar: - Heilt surrealistisk

Preben Moen frå Gloppen kunne blitt Årets Unge Leiar i reiselivsbransjen. Slik vart det dessverre ikkje, men 28-åringen er likevel svært nøgd.

Preben+1.jpg
Tysdag gjekk konkurransen HSMAI Awards av stabelen i Oslo.

Der var Preben Moen frå Gloppen, etter å ha blitt nominert til i kategorien Årets Unge Hotelier og Årets Unge Leder 2018. Moen er i dag driftsansvarleg i Classic Norway Hotel for Gloppen Hotell og fire andre hotell i kjeda.

Etter ein vidaresortering i desember, var det den sistnemnde kategorien Moen kunne vinne, men tysdag kom beskjeden om at han ikkje nådde heilt til topps.

Fekk heiderleg omtale

Han stod likevel att med heiderleg omtale, og blant dei fem beste unge leiarane innan heile reiselivsbransjen. Det er han svært nøgd med.

– Det er surrealistisk at ein frå Gloppen skal stå der blant dei fem beste i kategorien, og høyre sjefane for Thon hotels og Choice hotels seie at vi på scena ein gong kjem til å ta deira jobbar, seier Moen til Firda etter utdelinga. 

Då han vart kjent med nominasjonen i desember, fortalde han Firda at berre nominasjonen i seg sjølv var ei styrking av CV-en. Slik kjenner han det framleis.

Selde familiehotellet

Årets Unge Leder-prisen kan vinnast av nominerte opp til 35 år. 28-åringen frå Gloppen tok over familiehotellet når han var 22. Eit hotell som var nær konkurs, men som kom seg på beina att. I fjor tok han eit nytt karrieresteg då han selde familiehotellet til Classic Norway Hotels. Men gjennom jobben som driftsansvarleg i hotellkjeda driftar han det framleis, i tillegg til fire andre hotell i kjeda.

– Det har gitt meirsmak, og store utfordringar, seier Moen, som er ærleg på at han trong nye utfordringar.

Han set svært tydeleg ord på det sjølv:

– Eg var blitt halvfeit og lat i situasjonen eg var i. Eg hadde det for bra, og det var mykje av grunnen til at eg selde hotellet, seier Moen, som no er full i driv i sin nye jobb.

Og med sju år att til aldersgrensa på 35 år for å bli nominert er nådd for hans del, trur han ikkje det er utenkeleg at han blir nominert på ny.