Snart feirar vi 150 år

Gloppen i Nordfjord er ei naturperle utan like! Syns vi iallefall sjølve.

Neste år blir eit stort år for Gloppen Hotell. Då fyller vi nemlig 150 år. Her på huset er vi jo som de kanskje veit voldsomt opptatt av mat. Og også drikke. Vi har vårt eige øl, og vi er utruleg glade i vin. Sia det no snart er jubileumstid, vil vi gjere noko ekstra spennande på vinfronten. I den anledning har Preben nett vore på “jobb” i Tyskland. Ei ekte vinreise i Rheingau distriktet, der han har smaka på kvitvin i fleire dagar. Og jammen har han klart å velge ut 3 ekstra gode vinar til jubileumsfeiringa vår. Det er produsenten Hammond som lagar desse for oss.

I september skal jubileums-raudvinen tappast. Dette er ein heilt spesielt god raudvin frå Anselma i Barolo, Piemonte. Vinen kjem frå årgangen 2010, som var ein av dei beste årgangane på lang lang tid i Piemonte.

Vi skal sjølvsagt også lage eit jubileumsøl til feiringa, så her er all grunn til å komme innom også neste år.

Nedanfor er litt bilder frå vinturen til Preben og det vakre landskapet i Rheingau.

natur-Reingau.jpg
Utsikt mot elva Rheingau

Old-School.jpg
Denne vinen går tilbake til røtene av vinlaging. Eit reint produkt, naturleg utvikla uten tilsetningar.
tapper.jpg

Berg-vin.jpg
Søt dessertvin som passar fint til ostar.