Sommarmeny i baren

No er det endeleg varme sommardagar, og med dei, ei frisk og fruktig oppdatering frå barmenyen. Vår herlige restaurantsjef Esmeralda er full av entusiasme, latter og kunnskap.

Blant anna om slike ting som søtt, syrleg, bittert og kombinasjoner av dette. I dag har ho samla litt av servitørgjengen i Kjellaren for ein grundig gjennomgang av sommarens barmeny.

IMG_6675-1024x606.jpg

Når det er varmt og deilig, er det ekstra godt med noke søtt, syrleg og bittert å kjøle seg med. Mange av oss, særlig vi trauste nordmenn, tenker ikkje over kor forfriskande dette kan være. Vi er tradisjonelle folk, både når det gjeld mat og drikke, sommar som vinter. Men sjølv tradisjonselskarar som oss på Gloppen Hotell, er tilbøyelege til internasjonal påvirkning i sommarvarmen. Med lokale råvarer så langt som råd. Sjølvsagt. Kanskje du også lar deg friste av desse bildene?


IMG_6668-718x1024.jpg

Om du aldri har smakt Mojito før, er det på tide å starte utforskinga. Mojito (uttalas moHito) er Cubas uoffisielle nasjonaldrikk og no nordmenns nye favorittdrink – vel 200 år etter at den slo an på andre sida av Atlanterhavet. Dette er ein rein og god drink, med kun ekte smakar. Og slikt kan vi like, også her på huset. Den er balansert, ikkje for søt eller sur, og passar derfor til dei aller fleste. I tillegg tar den seg godt ut, i handa på sommarfesten.
Vi har brukt mykje frisk økologisk mynte frå Devik, saman med jordbær frå Gloppen, lime og rom i vår variant av denne klassikaren.


whiskey-sour-400x361.jpg
Whiskey Sour, er som navnet tilseier syrleg og frisk.
Sote-sarah-400x361.jpg
Søte Sarah- Esmeraldas eigenkomponerte avkjølande nytelse.
Missason-400x361.jpg
Missasion- ein klassikar på Gloppen Hotell, komponert av tidlegare restaurantsjef Emelie.

Djup konsentrasjon blant jentene. Forsiktig smaking. Grundig notering. Det er mykje teknikk i å lage drinkar. Det skal være rett temperatur på glaset, på innhaldet. Det skal være “shaken” eller “stirred”, det er ikkje det same nemleg. Vi er alle ulike og har ulike preferansar på kva drinkar vi likar. Nokon likar dei søte og milde, andre liker at det river litt i halsen. Esmeralda meiner ho med denne enkle menyen har funne favorittar for alle smakar, enten du likar det søtt, surt eller bittert.

IMG_6696-1024x688.jpg

Til sist verdas kanskje mest populære drink; dry martini. Drukke av presidentar, forfattarar og James Bond. Blandt anna. Vermouth blanda med gin eller vodka med ein oliven i, drikkast over alt og har historisk vore eit symbol på eleganse, raffinement og avslapping. Og nettopp derfor har den fått kallenavnet “roens eliksir”. Det fins over 100 variantar av denne drinken og diskusjonen om korleis få den så tørr som mogeleg vil nok aldri ta slutt. Vår versjon er heilt klassisk med vermouth og gin og nett passeleg tørr.

Velkomen innom baren i sommar.

dry-martini-688x1024.jpg