Sommarmenyen er klar

I dag går vi over til vår sommarmeny!
Den er fylt av lokale godsaker, spesielt for den fine sesongen vi no går inni.

header.jpg

Kjøkkensjef Bodil har skreve og planlagt heilt sidan i haust.
Når vi på Gloppen Hotell skal lage menyar, er mange ting skrevne i stein. F.eks må den bestå av norske lokale råvarer og den må være tufta på lokale tradisjonar. Dette er også noko våre gjestar set stor pris på.
Signaturen vår er kanskje nettopp dette, lokale råvarerer og oppskrifter, som vi har gjort til våre eigne. Dei heilt sprø og kunstferdige rettane finn du ikkje hos oss, men litt små sprell kan vi finne på innimellom.


IMG_6339-Espen-Mills-Gloppen-Hotell-Nordfjord-1024x683.jpg
Foto: Espen Mills

På hausten får vi inn våre heile slakt, og må tenke godt over korleis vi bruker dei ulike stykningsdelane. F.eks har Bodil spart på indrefileten av svin for å kunne bruke den på sommarmenyen. På lamma har ho gjort det same. Så blir det gjerne mørbrad på haustmenyen, medan flatbiffen blir spart til bryllaupa.

Ellers består ein kvar meny av råvarer vi har tilgjengeleg. No det sesong på kål, nykål og grønsaker frå eigen grønsaksproduksjon. Og så gleder vi oss stort til å få in alle dei ferske urtene frå Devik som no er i ferd med å strekke seg mot himmelen. Etterkvart får vi også inn bær, rabarbra, plommer og anna frukt frå våre unike frukthagar i Gloppen.

Fisk og skaldyr er klassisk sommarmat, og vi merkar godt at våre gjester etterspør dette mykje meir om sommaren enn elles i året. Vi har både fisk- og skaldyrssuppe, makrell og fleire andre fiskerettar å friste med no. Kanskje du har lyst på litt torskekjakar?

Speltperler-796x1024.jpg

Og så har vi eit lite sprell, ein liten nyhet i år: Speltotto.
Bodil er litt usikker på om ho kan seie ho har funne opp ordet, men den er iallefall beståande av økologiske speltperler frå Holli Mølle. Den serverast krema til vekas fiskefangst og til indrefilet av svin med heimelaga bacon. Smakar mildt og nydeleg!
Speltotto seglar dermed inn som erstatning for tidlegare års byggotto (av byggryn), som i si tid var ei erstatning for risotto (ikkje særleg lokalt).


25A0001_gloppen_web-400x361.jpg
Entrecôtekam av kalv frå Fjordfylket Ovnsbakt pastinakk, puré av selleri frå Hauge, lokale fargerike gulrøtter, sylta delikatesseløk og oksehale glace
IMG_9056-400x361.jpg
Grilla kamskjell frå Kalvåg Gulrot- og ingefærpuré, syrleg salat av epler og agurk, nøttesmør og skorsonnerotchips.
IMG_9059-400x361.jpg
Lokale betar på 4 måtar Chevrekrem, rista nøtter og honningvinaigrette.
potetsuppe-med-pipelauk-400x361.jpg
Krema suppe av poteter og lokal purre frå Hauge Pannesteikt kvit fisk frå Kalvåg, løyrom og pesto av lokale grønnkål.
IMG_9032-400x361.jpg
Lettrøykt og bakt makrell Sylta lokale polkabetar, tomatconkase, syrleg agurk, tomatkrem og røykt rømme.
IMG_9075-400x361.jpg

Dessertane inkluderar sjølvsagt våre lokale bringebær, jordbær og rababra. I tillegg har vi i år ei yoghurt- og bringebærkake av drenert yoghurt frå Ostegården i Fana. Denne servarer vi med mørk sjokoladeganache med tørka og friske bringebær.

Og så må vi nesten nevne Prebens tjukkmelkspudding, servert med toffeesaus med kvit sjokolade, Gloppen bringebær, karamelliserte salta hasselnøtter, eplegelè og heimelaga sorbet. Denne puddingen syns vi det er veldig moro å servere. Ein dessert som har lange tradisjonar både i Gloppen og omegn, som vi har gjort til vår eigen.

IMG_9084-400x361.jpg
Smaking av yoghurtkake med Gloppen bringebær Drenert yoghurt frå Ostegården, mørk sjokoladeganache og tørka bringebær.
Untitled-1-400x361.jpg
Prebens tjukkmelkspudding Toffeesaus med kvitsjokolade, Gloppen bringebær, karamelliserte salta hasselnøtter, eplegelè og heimelaga sorbet.
heimelaga-sorbet-400x361.jpg

Dessertane inkluderar sjølvsagt våre lokale bringebær, jordbær og rababra. I tillegg har vi i år ei yoghurt- og bringebærkake av drenert yoghurt frå Ostegården i Fana. Denne servarer vi med mørk sjokoladeganache med tørka og friske bringebær.

Og så må vi nesten nevne Prebens tjukkmelkspudding, servert med toffeesaus med kvit sjokolade, Gloppen bringebær, karamelliserte salta hasselnøtter, eplegelè og heimelaga sorbet. Denne puddingen syns vi det er veldig moro å servere. Ein dessert som har lange tradisjonar både i Gloppen og omegn, som vi har gjort til vår eigen.

IMG_9069-400x361.jpg
IMG_9067-400x361.jpg
IMG_9077-400x361.jpg


Tradisjon tru var det prøvesmaking av menyen i går, med alle kokkar og servitører til stades. Vi må smake på alt sammen, og sjå kva viner eller øl som går til, og vite korleis vi skal presentere dette til gjestene våre.

Det er ein hard jobb, men nokon må jo gjere den 🙂

Velkomen til oss i sommar, her ser de heile menyen.

IMG_7603-683x1024.jpg