VAMP – eit høgdepunkt i sommar

Forrige veke hende det noko ekstra fantastisk her på hotellet- nemleg konsert med sjølvsaste VAMP. I vår eigen hage. Stort!

Og sommaren 2015 slo til alt overmål til med sol frå skyfri himmel, heilt perfekte rammer for ein heilt perfekt konsert.

Over 500 billettar vart selde og folk samla seg på stolar, i teltet, på trappa og ved borda ute i hagen under kastanjetreet.

Det var så flott å høyre på Jan Toft, den opprinnelege vokalisten i VAMP synge alle dei kjende og kjære sangane deira. Og også noke nye fine melodiar. Det er bare å gje seg over i endelaus applaus for eit band som leverar i dei grader som VAMP gjer.


Og publikum kunne også kose seg med eige VAMP øl, ein mørk American Pale Ale, brygga for anledninga av vår bryggerimeister Preben Moen.



IMG_6753-400x361.jpg
IMG_6754-400x361.jpg
IMG_6755-400x361.jpg
IMG_6757-400x361.jpg


Før og etter konserten var det mange som kom inn dørene til Restaurant Stovene for nok eit høgdepunkt, ein 3-retters festmeny.


IMG_6760-1024x824.jpg

Heimelaga røykelaks med eplekompott, syrlege epler og pesto av lauk frå Devik. Til denne retten fekk gjestene og flatbrød frå Aabrekk Gard i Olden.


IMG_6763-777x1024.jpg

Hovudretten av entrecôte av okse frå Breim, potetkake og raudvinssjysaus.

Og så var det finalen, ein fabelaktig dessert komponert av lillebror og ferskt vertskap ved Gloppen Hotell, Dag Håkon Moen.

IMG_6766-1024x769.jpg


Når denne desserten kom på bordet vart det stilt. Og fleire spurte etter ein ekstra porsjon. Dette er jordbær frå Gloppen, salta karamellis, limekrem, brent kvit sjokolade og krystallisert sukker med kvit sjokolade. Ein sann nytelse!

Tusen takk til Vamp og til alle de som kom til hagen vår og gjorde dette til ein uforgløymeleg kveld.