Velkommen til Gloppen

I hotellbransjen er det ofte slik at kolleger kjem, og så reiser dei igjen etter nokre månader, eller år. Særleg her ute på bygda. Vi har no nylig fått fleire

I hotellbransjen er det ofte slik at kolleger kjem, og så reiser dei igjen etter nokre månader, eller år. Særleg her ute på bygda. Vi har no nylig fått fleire nye kjekke flinke servitørar på plass, som skal være her ut sommarsesongen. Og då må dei sjølvsagt få sjå kva vi driv med her på hotellet, og ikkje minst, kva som ligg bak det vi driv med her- sjølve grunnlaget- våre lokale bønder. Dermed tok Bodil-kjøkkensjef alle saman med på rundtur.


IMG_6507-1024x688.jpg
Epleplanter strekker seg mot himmelen, med Ryssdalshorn vakande i bakgrunnen.

Jann Vestby frå Fjordane Gardspresseri var så kjekke å ta imot oss alle saman og gje oss ei omvisning i gardspresseriet. Vi får både eplemost og eplebrennevin frå Jann og Synnøve, til stor glede for våre gjester. Desse fine produkta går det veldig mykje av i restauranten vår. Eplemosten herifrå er unik fordi dei pressar kvar eplesort for seg- som gjev ulike smakar og ulike fargar, frå sesong til sesong.


Brennevin-1024x961.jpg
Lekrare design skal du leite lenge etter!


Gardspresseri-1024x680.jpg

Fjordane-Gardspresseri-1024x741.jpg

Vi var også i Fjellbygda i grisefjøsen til Frode, og videre til fleire av frukt, bær og potetbøndene på Vereide. Ein tur til vakre Ryssfjæra fekk vi også tid til, når vi likevel var nesten på dei kanter. Det er så flott nede på den gamle kaia her- faktisk den første dampskipkaia i Nordfjord. Og ei fjære med nostalgiske naust og høge duftande syrintre.


IMG_6493-823x1024.jpg

Ein tur oppi elva måtte vi sjølvsagt også. For dei glade laksefiskarane er eit fast innslag heile sommarsesongen hos oss. I år har det vore så kald vår, at fisket har vore litt tregt no i starten. Men vi håpar på desto bedre fiske seinare i sesongen. Vakre omgivelser har dei uansett, når dei står og ventar på at fisken skal bite på. Og noko godt i vente ved middagsbordet når dagen er slutt.


IMG_6516-1024x577.jpg

Utsikt-fra-Soreide-1024x688.jpg
Vakker utsikt frå Søreide. Med Gloppenelva til høgre, og Gloppefjorden i bakgrunnen.

Og så var vi ferdig med rundturen for i dag- vi rekk ikkje over alle 16 bøndene og produsentane på ein gang. Vi sparar Breim, Kandalen og Devikja til neste gang. Og så er det så godt å komme heim til hotellet. Dag (Moen) pleide å kalle den historiske delen for den kvite mora eller gamlemor. Og ho smiler mot oss, når vi svingar inn på parkeringsplassen.

IMG_6524-1024x688.jpg