Bestill her

Julebord på Gloppen Hotell

Velkomen til eit herremåltid!

Tradisjonell og heimelaga julemat i rolige og historiske omgjevingar. Nyt vår store, heimelaga julebuffet, fylt med lokale fristelsar og fortsett kvelden med dans i kjellaren. På forespørsel held vi ølsmaking med vårt eige Gloppebrygg og tilbyr gjerne ei omvisning i over 150-år med hotelldrift.

Hos oss er det lokalmat det handlar om- den aller beste. 

Alt som serverast på julebuffeten er lokalt og heilt heimelaga. 

  • Saueribbene kjem frå bygda, av lam som kjem rett i frå fjellbeite. Vi saltar og tørkar sjølv i vårt stabbur frå 1829. 
  • Vi får edelgris levert frå Fjellbygda. Av desse lagar vi ribbe, sylte, skinker og mykje meir. 
  • Kålrabien til stappen får vi frå Vereide. Fisken kjem frå Kalvåg. Pølsene er også heimelaga og består av hjort, svin og får. 
  • Alle salatar og pålegg på kaldmatbuffeten er eigenprodusert. 

Julebord 

  • Full buffet og dans, 645,- 
  • Overnatting ifb. Julebord * inkl frukost
         - Kr 745 pp i dobbeltrom 
         - Kr 1250 pp i enkeltrom

Aktivitetar 

  • Ølsmaking i kjellaren 
  • Omvisning. Inkl velkomstdrink. 
  • Lagbygging i naturen 
  • Hotellmoro- med blant anna koffertdiskokasting og treskistafett