Bestill her

Ureist og heimelaga

ekte matglede

Gloppen Mat er Gloppen Hotell sitt eige produksjonskjøkken og er saman med Gloppen Brygg eit av hotellets tre stolte kjerneprodukt. Produksjonskjøkenet er plassert like bak hotellet, og her mottek vi råvarene frå våre fantastiske produsentar rundt om i kommunen, dei fleste under 3 km vekke frå hotellet.



20131016-_DSC5896 1920x1152jpg.jpg

Kåre er bærbonde på Hauge og leverandør av ypperlege jordbær til vårt kjøken. Han er også leiar i stiftinga Karnilstunet på nabobruket, ein fantastisk historis stad med Karnilshaugen som hovedattraksjon. Hotellet brukar ofte Karnilstunet til ulike arrangement og aktivitetar gjennom året.


20130828-_DSC2076 1920x1152.jpg

Bjørg Aurlien frå Høgt og Vilt i Devik, er fast leverandør av urter. Garden hennar, høgt over Gloppefjorden, med bratte skråningar og makelaus utsikt, er eit skattekammer uten like. Alt er økologisk og kvaliteten er i ein klasse for seg! Vi tilbyr i samarbeid med Bjørg guida turar til garden hennar med smaking av urtete.


20131002-_DSC4901 1920x1152.jpg

Frode er bror til kjøkkensjef Bodil, og leverar kvar år mellom 40-50 grisar til vårt kjøken. Frå garden sin høgt over Gloppefjorden i Fjellbygda, har grisane det heilt topp.


_DSC6358 -1920x1152.jpg

Jann Vestby og Synnøve Vik Bergstad sin fantastiske eplemost, samt eplebrennevin, brukar vi mykje på hotellet. Dei held til på Hauge, på nordsida av Gloppefjorden.


Untitled-1 1920x1152.jpg

Børre Tystad og Anne Lene Lillegraven leverar epler av særs høg kvalitet. Frå sin idylliske gard på Tystad på norsida av fjorden har dei over 4000 epletre, samt sommarkål og isbergsalat.


1920x1152.jpg

På Slagstad, nabogarden til Tysdad, leverar Jon plommer frå meir enn 700 tre og epler frå 1400 tre.


Untitled-2.jpg

Østein har sin gard på Føleide, 200 moh, mellom Gloppefjorden og Nordfjorden. Den høge plasseringa gjer at vi på hotellet kan tilby lokale jordbær, langt utover ordinær sesong.


20131009-_DSC5509 1920x1152.jpg

Paul Nygård driv stort med geiter i vakre stupbratte fjellsider i Kandalen. Han leverar kje og pølser til hotellet, samt har høg eigenproduksjon av ulike produkt av kjekjøt.


20131016-_DSC5930 1920x1152.jpg

Frå garden sin i Kandalen driv Olav med økologisk sauehald av prisvinnande kvalitet. Han leverar mange lam til oss gjennom året og vi er glade for å ha også økologiske alternativ på vår meny!


20131009-_DSC5416 1920x1152.jpg

Rune er sauebonde på Gimmestad. Saueflokken hans på 100 vinterfora saue har gode fjellbeite i Breidalen på Sørstranda. Gimmestad sine saue held høg kvlitet og har fleire ganger fått utmerkingar frå Nortura.


20140430-_DSC5522 - 1920x1152.jpg

Solfrid Utheim og Bjørn Rygg i Hyen levarar feske egg til hotellet fleire ganger i veka. Ofte er dei fortsatt varme når vi får dei inn på kjøkenet. Støylen Egg har ein produksjon på 130 tonn årleg.


20130331-_DSC2855 1920x1152.jpg

Hjort frå lokale jegarar er ei av delikatessene vi serverar. Vi tek årleg imot ca 60 hjort. Vi får inn heile dyr og møyrnar kjøtet sjølve i våre eigne produksjonslokaler. Hjort er fast innslag på våre menyar, i tillegg til å verte brukt i våre eigne hjortekarbonader, julepølser og hjortemorr.


20130624-_DSC8245 1920x1152.jpg

Laksefiske er ein heilt sentral del av hotellets drift og har vore det heilt ifrå starten i 1866. Laks er alltid på våre menyar. Vi koker, røyker, graver, sylter og baker den. Vi får fersk fisk frå Måløy tre gonger for veka, og somme tider frå Gloppenelva.


Ei reise i lokale smakar

Våre råvarer har ei lokal adresse! Dei er fiska i fjorden, jakta i fjellet eller produsert av våre lokale entusiastar – lokale bønder og produsentar med sans for kvalitet i alle ledd.

Vi tar imot heile dyr frå over 16 lokale bønder, fiskarar og jegarar. Så blir desse gode råvarene vidareforedla til ei rekke produkt.

• Hjortekarbonader, hjortekaker, hjortemør, kjøttkaker og heimelaga bacon • Einerøykt laks, biffar og filetar • Salta/røykt svinkeknoke, stabburstørka pinnekjøtt, julepåleg, lokal svineribbe og dampepølser. • I tillegg til pålegg, pølser/farser og fisk kan vi levere alt av stykningsdelar på bestil


Våre produsentar

 

FISK

Brødrene Larsen, Kalvåg


EDELGRIS 

Frode Fjellestad, Fjellbygda


HJORT

Lokale jegerar


GLOPPENLAM 

Frode Fjellstad, Fjellbygda
Rune Gimmerstad, Gimmestad
Olav Fuglestad, Kandalen


EGG / VAKTELEGG

Solfrid Utheim & Bjørn Rugg.
Hyen Ryssdal vaktel 


GRØNSAKER 

Jon Egil og Synnøve Vik på Hauge 


URTER

Høgt & Vilt, Devik


LEFSER / KLAPPEKAKER / FLATBRØD

Jølster Bakst, Jølster


DRIKKE

Fjordane Gardspresseri
Sandane Balholm
Gloppen Brygg Påldtun 


Sjå bilder og informasjon om våre kjekke produsentar i galleriet under.
Alle foto: Ronny Solheim, henta frå vår kjøkkensjef si kokebok, 
Bodils Spisskammers.