Bestill her

Lakse- og sjøaurefiske

grunnlaget for hotelldrift

Gloppen hotell har sine røter tilbake til 1829. Det var laksefiske for engelske lakselordar som var utgangspunktet for drifta til Joakim E. Siversten dei første åra. Den dag i dag er vi kjent for å tilby lakse- og sjøaurefiske i Gloppenelva.

Det byrja med lakselordane

Det var Gloppenelva og fisket etter laks og sjøørett som i si tid skapte grunnlaget for hotelldrift på Sandane. I alle år har tilreisande får heile verda søkt hit for å prøve fiskelykka.

Allereie i 1904 vart Gloppen oppført i den engelske guideboka ”Salmon Fishing in Norway” som ein av dei aller beste fiskestadane i Noreg. Men det hadde dei engelske lakselordane for lengst oppdaga, og i ei årrekke valfarta dei til den fiskerike elva.

I dag er det mest nordmenn som fiskar her, men stemninga er nok mykje lik; her lyg ein, skryt, overdriver og argumenterar. Stemninga er høg i Peisestova på Gloppen Hotell. Første økt i elva er over og nå diskuterer ein dagens fangst - og ikkje minst fangsten som glapp. Sportsfiskarane er samla til 3-retters middag, slik ivrige fiskarar har gjort det i godt over hundre år før dei igjen.