Bestill her

Andre aktivitetar

Mange moglegheiter...

Her har vi samla aktivitetar på Folkemuseet, fritidssenter og kulturelle turar. Kan utforskast aleine eller i en gruppe

Nordfjord Folkemuseum

Nordfjord Folkemuseum ligg ein spasertur unna hotellet. Her kan du kombinere beinstrekk med sightseeing og lokalhistorie. Om sommaren er husa opne for publikum, og gjennom heile året har vi skiftande utstillingar som syner skattar frå samlingane.

Opningstider 2019:
Måndag-fredag: 10-14 29.juni – 31.august: alle dagar 10-18
Månadlege museumssøndagar/arrangement sjå www.nordfjord.museum.no eller følg Nordfjord Folkemuseum på Facebook for oversikt.
Inngang: Vaksne 80,- Born (over 7 år): 40,-. På arrangement: 100,-/50,-.



Omvising i friluftsmuseet

Korleis budde og levde folk i Nordfjord for 250 og 150 år sidan? Bli med på omvising i friluftsmuseet! Vår lokale guide fortel. I friluftsmuseet er det sett opp 44 antikvariske hus frå Nordfjord. Mange av husa er frå 1700- og 1800-talet, og er innreidde slik dei kan ha sett ut den gong. Her finn du mellom anna gardshus slik ein hadde på ein gard kring 1850: stove, matstove, nystove, eldhus, fjøs, stall, lade og utedo. I friluftsmuseet finn du også eit vasskraftanlegg i tilknyting til elva som renn gjennom Jølet, og ein natursti med 25 postar.

  • Kontakt Nordfjord Folkemuseum (nfm@misf.museum.no) eller ring 57 88 45 40 seinast dagen før for å avtale omvising.
  • Tidsforbruk: 45-60 min. Pris: 100,- p.p.  Minstepris 1000,- 


Kulturløype på Nordfjord Folkemuseum 

Korleis levde og budde folk i Nordfjord før i tida? Gjennom denne oppgåveløypa i friluftsmuseet blir du kjend med livet i «gamledagar». Løypa går gjennom det vakre naturområdet «Jølet». Den går innom fleire av dei antikvariske husa på museet. Undervegs løyser du oppgåver; her får du bruk for kunnskap, ferdigheiter og fantasi! Veit du å bruke børtreet, og er du klar for stylteløp? Då kan det hende gruppa di stikke av med sigeren!

  • Tidsforbruk: 45-60 min. Passar godt for store grupper. 
  • Pris: 100,- p.p.  Minstepris 1000,- 
  • Tilgjengeleg: heile året, med atterhald om vêret. Oppgåvene passar best for ungdom / vaksne. Må avtalast på førehand.



Besøk ein hardingfeleverkstad!   

I Sydneshuset på Nordfjord Folkemuseum har Harald Kvandal ein hardingfeleverkstad. Her tar han imot grupper som ønskjer å få vite litt om korleis ei fele blir til. Kvandal syner fram verktøy, material, og ulike steg i byggeprosessen. Og så får du høyre korleis fela let!

  • Tidsforbruk: 30 min. Pris: 100,- p.p. 
  • Tilgjengeleg: etter avtale. Inngang til museet inkludert i prisen.

Ta kontakt for pris og bestilling utanom opningstidene, eller for å tinge eiga omvising i utstillingane.



Historia om Gloppen Hotell 

Her får de ei personleg omvisning av vertskapet på hotellet. De får sjå både på rom og hage, stabbur og produksjonskjøkken. Her får de kjenne på grunnmuren frå 1846, høyre spøkelseshistorier og smake på både mat og drikke. Passar for mindre grupper, såvel som større, som vil ha ein kort og enkel aktivitet, som samtidig gjev det lille ekstra.

  • Tidsbruk: ca 1 time. Kan tilpassast etter behov. 
  • Tilgjengeleg: Heile året Antall: Frå 5 personar og oppover Pris: 179,- kr pp


Eldstova og Karnilstunet – ei unik ramme rundt måltidet

Kva med eit besøk på 1000 år gamle Karnilstunet med Karnilshaugen, Vestlandets største tinghaug, som bakteppe? Ei heilt spesiell oppleving med fantastisk utsikt og spennande historie. Perfekt til lunsj, middag og dans i sommarhalvåret. Her får duomvisning og historefortelling frå denne mytiske staden. Stå på haugen og undre deg over kva som kan ligge gøymt inne i den, mens du beundrar ein storslagen utsikt over Gloppefjorden. Frå leksikonet kan vi lese dette: “Haugen har særegne astronomiske forhold knyttet til både sommersolverv og vintersolverv. Dette styrker en teori om at haugen hadde en form for religiøs betydning.” Karnilstunet inneheld også ein unik eplehage med historiske gamle eplesortar, samt eit velstelt tun beståande av hovedhus, eldstove, stabbur og fleire andre små bygningar, kvar med si historie.

Kapasitet på låven: 30 på loftet (bildet) og 70 i første etasje. 

Du kan også kombinere opphaldet til di gruppe med eit måltid i Eldstova ved Gloppenelva frå 1780. Kapasitet maks 16 personar.



Antikk & Rarietetar

Eit besøk på Antikk og Rarietetar kan varmt anbefalast. Her fins ei flott salgsutstilling av antikvitetar i ein stor gammal låve over fleire etasjar. Her er ei heilt unik atmosfære! Denne samlinga er blant dei største på Vestlandet. Besøket kan lett kombinerast med foredrag, servering av vafler og musikk-innslag. Les gjerne på deira eiga nettsider her. Denne låven finn du på Rygg, ca 3 km frå hotellet.



Gruppetrening og dans

Eit par minutters gange frå hotellet ligg Spenst treningssenter. Eit nytt, stort og flott treningssenter som gjerne organiserer treningar for grupper. Timane vert organisert av erfarne trenarar.

  • Spinningtimar 
  •  Styrketime 
  •  Basisball 
  •  Dans 
  •  Yoga 
  •  Sirkeltrening, funksjonell trening omniarigg

Det er også mulighet til å arrangere treningar utandørs om det er ynskje om dette.



Sentrumsvandringar

Ei vandring i Sandane sentrum med historiefortelling, og smaksprøver. Turane kan vare i frå ein til to og ein halv timar. Vi tek utgangspunkt i å starte i resepsjonen på Gloppen Hotell. Lengde og tema varierer etter ynskje. Nokre tema er korleis sentrum var før, (den obligatoriske) skjenkestova, Firda Videregåande Skule (eller Firda Landsgymnas), Tankeringen, Russerleiren i Øvregata, dampskipkaia og/eller gardsdrift i sentrum. Kvar var eigentlig Sandane? Ein koselig spasertur. Vi smaker på eplejuice (ev.epletoddy på vinteren) og får smaksprøver av lokalmat frå Fjordameny.

  • Turen kostar NOK 120 pr. person, minimum NOK 600,- 
  •  Varighet ca 1 – 2,5 timar. 

Dette vil variere noko etter kvar ein går. Vert tilpassa den enkelte gruppe. Ansvarleg: Marianne Ryssdal, Gloppen Sogelag og Nordfjord Folkemuseum.



Motivasjon

Workshops og foredrag av den særs erfarne Arne Kråkenes. Korleis bygge kvarandre gode. Utmerka for korleis få fram det beste i seg sjølv, kolleger og familie. Humoristisk og praktisk bygd opp.