Bestill rom nå!

Bestill nå

Flotte fjellturar

Gloppen

Eggenipa:
Eggenipa er med sin eigenart, ein av dei mest fotograferte fjellformasjonane i Sogn og Fjordane. Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 m.o.h., og opplevingane er store og majestetiske. Utsikt, storslått natur, og høgdemeter er opplevingar du vil ha på turen.

Sett frå Byrkjelo står Eggenipa stram og høgreist ved inngangen til Våtedalen. Turen opp er enklare enn ein skulle tru. Frå parkeringa i Øvredalen er det ei bratt kneik opp på ryggen, og derfrå går det klyv i klyv langs ein overraskande brei fjellrygg. Ved varden kan du nyta kjensla av å verte lagd merke til.

Turen tek omlag 2,5 t opp. Start i Øvredalen - bomveg frå Egge, ca 3 km sør for Byrkjelo. På bru over elva og på merka sti opp mot ryggen. På ca. 850 moh kjem ein opp på ryggen og over tregrensa.


Haugsvarden:

På denne turen har du fantastisk utsikt heile vegen - Vi kallar den panoramaturen. Toppen ligg på 862 m.o.h og her ser du ned i Nordfjorden og Gloppefjorden. Stien er godt merka, og turen egnar seg for heile familien. Du finn også ein parallell sti for stisykling.

Vegbeskriving:

Til oppmøtestad kjem du lettast med eigen bil. Kjem du frå sør tek du av til høgre i retning Sandane V, og direkte høgre igjen retning Kleivane. Følg denne vegen, køyr rett fram i neste kryss. Denne vegen svingar seg oppover eit stykke, og du føl den til vegen deler seg. Der skal du fortsette til høgre. Fortset eit kort stykke og ta neste veg til høgre. Vegen er ganske bratt. Her startar skogsvegen. Føl denne til du kjem til andre vegen til venstre. Tollveg (kr 50,-).

Frå parkeringsplassen går turen på god sti nordaust til Tystadstøylen. Etter 5 minutts gange er du på støylen, og allereie her er utsikta fantastisk utover fjorden og fjella på sørsida av Gloppefjorden.

Frå Tystadstøylen fortset stien nordaust gjennom furu- og bjørkeskog eit lite stykke før du er i høgfjellsterreng. Du passerer Lomvatnet på veg opp til Haugsvarden. På heile turen har du fantastisk utsikt, og frå toppen ser du ned i to fjordar. Du ser også mange av fjella på Sunnmøre og den karakteristiske Hyeneshesten. Retur same vegen som du kom.