Bestill her

Kokkekamp og kurs

med våre meisterkokkar

Leik og lær av dei beste frå hotellets prisvinnande kjøkken. Dette er ein morsom, samlande og ikkje minst lærerrik aktivitet for grupper. På plass er ei rekke spennande lokale råvarer som de skal trylle fram noko etande godt av, både forrett og dessert. Hovudretten tar våre kokkar seg av. Rettane blir vurdert av vårt dyktige dommarpanel som kårar ein vinnar. Etterpå skal de sjølvsagt nyte maten de har laga med noko godt i glaset.

Vi arrangerar også ulike matkurs, f.eks i kortreist fingermat (tapas). Rundt juletider har vi julekake- og konfektkurs.

Tidsbruk: ca 2-3 timar.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: 8-15 personar
Pris: 450,- kr pp 

(Gjeld for buande pensjonsgjester)

Ikkje-buande gjester: kr 750,- pp