Bestill her

Kulinarisk rebusløp

på idylliske Karnilstunet

Denne aktiviteten gjev dokke opplevinga av det beste Gloppen kan by på. Idylliske Karnilstunet med sin 100o års haug, historiske eplehage og flotte utsyn over fjorden, skaper dei perfekte rammer for rebusløpet. Her får de smake og vurdere vår unike lokalmat. Både heimelaga pålegg, røykelaksen, vår økologiske kaffi og eplejuice er blant det som står på menyen.

Her blir det blindsmaking, kålkasting og mykje anna moro. De får prøve dykk på både handvisping av krem og laging av den lunefulle vaniljesausen. Postane blir plassert rundt om på garden Karnilstunet og oppe på Karnilshaugen. De skal konkurrere på tid, kunnskap, og aller mest: Smaksløkane.
Omvisning på tunet med historieforteljing rundt den mytiske haugen er ein fin føraktivitet til rebusløpet.

Tidsbruk: ca 2 timar.
Tilgjengeleg: Heile året
Antall: Min. 20 personar. Stor kapasitet.
Pris: 450,- kr pp (Over 30 personar; kr 350,- pp)