Bestill rom nå!

Bestill nå

Gloppen Brygg

eige mikrobryggeri..

Gloppen Brygg er vårt eige mikrobryggeri og starta opp som Norges minste mikrobryggeri, i kjellaren på hotellet. På grunn av behov for større plass til større volum er bryggeriet no stasjonert i bygget like bak hotellet(i bakhagen). Dag Håkon Moen er bryggerisjef, samt food and beverage manager på hotellet. Han er utdanna ølkelnar og står for brygginga av vårt stolte øl

Preben tok ølkelnereksamen i 2013, like etter han tok over hotellet.
Espen Lothe i Kinn Bryggerier har hjelpa Preben og Dag Håkon i gang med brygginga og brygget har raskt blitt ein stor suksess. Kun tilgjengeleg i hotellets restaurant Stovene eller Kjellaren pub.

5 ulike brygg; 

Jubileum 150

  • Type: American Pale Ale
  • Alkoholprosent: 4,7% 

Fyldig og frisk øl, produsert i anledning vårt 150 års jubileum.  Gloppen hotell har  i å hatt samanhengande drift sidan 1866. American Pale Ale er den amerikanske versjonen av den britiske pale alen, men tilsatt meir humle. Lett, fruktig og anvendeleg til alt frå krydra sjømat til gryterettar.

Logo-jubileum-transparent.jpg


KS Kristianiafjord

  • Type: Dampøl
  • Alkoholprosent: 5,5 %

Godt og lyst matløl med duft av honning. Dampøl er historisk produsert for å tåle overfarten på Atlanterhavet til Amerika. Oppfunnen av tyske immigrantar til California på 1800-tallet. Det var vanskeleg å skape kjølige nok gjæringsforhold,  derfor utvikla dei ein gjærtype som kunne gjærast i romtemperatur, dvs som ein ale.

Dampøl er noko mørkare enn pils, og gjerne meir fruktig. Kallast for California Steam Beer.

Damp-merkelapp-til-kran-copy-1.jpg


Gloppetauser

  • Type: Blonde
  • Alkoholprosent: 4,7 %

Belgisk enkel og frisk øl med mykje aroma. Lys belgisk ale eller Blonde er overgjæra øl frå Belgia, lys i fargen og lett i smaken. Den belgiske ølkulturen har hatt friare bruk av ingrediensar som krydder, andre malttypar og sukker. Dette gjev ofte eit meir alkoholsterkt øl utan maltsmaken.

Blonde ale er ofte lettare å drikke for dei som ikkje er vant til dei mørkaste øltypane.

Gloppetauser-merkelapp-til-kran-jpg-1.jpg

Jekta 

  • Type: Fruktig Pale Ale
  • Alkoholprosent: 4,7 %

Jekta Fruktig Pale Ale er eit friskt, aromatisk og fruktig øl. Vi tilsetter humle i sluttprosessen av koking og får dermed mykje frukt og aroma fra humla. Her er det humla som spela hovudrolla, som gir den friske og fruktige øla. Malten vi har brukt er ein god blanding med hvetemalt som balanserer maltstrukturen i ølet slik at humla kan spele hovudrolla. Vi gjæra ølet med ein lager gjær, som gir ølet ein tørr og crispy finish.

Jekta fruktig pale ale - firkant til web.jpg

Juleøl (Kun i sesong!)

  • Type: Norsk Tradisjons Juleøl
  • Alkoholprosent: 5.5 % 

Vårt juleøl er eit perfekt alternativ til julematen og julekosen. Juleølet er eit tradisjonelt juleøl som ikkje er tilsett noke spesielt krydder. Det vil seie at vi brygger på gamlemåten og får eit veldig friskt og ikkje for tungt øl. Juleølet er brygga med karamellisert/brent malt, deretter gjæra med eit lager gjær som gir rom for malt og humle.

Juleøl _2_ - firkant til web.jpg

 

 

Ølsmaking

Vi arrangerar ølsmaking, både som enkeltståande aktivitet, og enklare versjonar i samband med julebord. 

Vi har også ølfjøler med alle typane brygg på vår haust a la carte med god spekemat til.