Bestill rom nå!

Bestill nå

Hustadnestu

450 m -1,5 til 6 timer

Ein flott tur i nærområdet til hotellet. Vi går ut langs fjøra mot Hustadneset før vi tek oss oppover. Fyrst går vi gjennom dyrka mark før vi kjem inn i sunnmørsk bratt skog. Her gir kvart steg oppdrift og meir utsikt. Bratt er det, men ikkje veldig krevjande.

Med tida til hjelp kjem ein så langt ein vil. Å gå i skogen her bør kombinerast med eit lite kaffebål medan ein kikkar ut over Hjørundfjorden, Norangsfjorden og Bondalen. Vær og føre avgjer kor langt vi går og kor mange ein kan vere på turen. Vi tykkjer at opp til 6 gjestar per førar er flott.