Bestill rom nå!

Bestill nå

Olavshola

440 m - 2 til 5 timer

Saman går vi frå fjorden og gjennom skogen. Etter ei stund er vi på ein av dei lettast tilgjengelege
utsiktstoppane på indre Sunnmøre. Utsikta er fantastisk.

Ein fin tur i nærområdet til hotellet. Saman går vi med henda i lomma på grusveg frå Sagafjord, før vi startar på stigninga gjennom skogen opp mot Olavshola. Historiene er mange og terrenget og stien innbyr til fleire stopp undervegs.

Olavshola er tilgjengeleg heile året, er det mykje snø kan det vere aktuelt med truger eller ski. Opp til 6 gjestar per førar er flott. Likar du å trene? Fleire av førarane er gjerne med på ein springetur hit.